Varsling
Trygg varsling i idretten og i IL Hødd
Vi ønskjer å få vite om kritikkverdige forhold i idrettslaget, og at du seier ifrå om du opplev noko som bryt med vårt reglement, verdiar, etiske levereglar og retningslinjer. Du finn skjema for sending av varsel i knappelenka under.
Mitt Varsel
Vi brukar portalen Mitt Varsel som er Norges idrettsforbund sitt elektroniske system for varsling. Du kan her velje å varsle med namn, eller vere anonym. Det er styreleiar i IL Hødd som mottek varsel som kjem inn til idrettslaget. Om du er usikker på om det du sit med er eit varsel, så kan du kontakte styreleiar direkte på telefon eller e-post. Om varselet omhandlar styreleiar kan du sende varselet til nestleiar som pr. i dag er Vedrana Terzic.
Saksbehandling i IL Hødd
Alle saker om varsel som kjem til idrettslaget skal behandlast av styreleiar og nestleiar i hovudstyret. Gruppene skal ikkje behandle saker om kritikkverdige forhold i eigne grupper. Dersom styreleiar og eller nestleiar er inhabil, vil styreleiar oppnemne saksbehandlar. Dei som vert oppnemnd skal ikkje ha verv/rolle i den gruppa som varselet omhandlar, og dette som eit tiltak for best- og mest mogleg objektiv saksbehandling. Alle som behandlar varslingssaker har teieplikt.
Vil du vite meir om kva Mitt Varsel er?
- For meir informasjon om varsling, klikk her
- Vil du hjelpe ein som vil varsle, Klikk her
- Er du usikker på kva ein kan og bør varsle om, Klikk her
Rådgjevarar i Møre og Romsdal idrettskrins kan kontaktast ved generelle spørsmål om varsling i idretten og anbefalt prosess. Du finn kontaktinformasjon her.
Ellers kan du lese meir om trygg idrett her, og Rettleiar for handtering av saker som gjeld seksuell trakassering og overgrep
Kontaktinformajson til styreleiar
Iselin Eliassen Aske
T: 410 62 929
E: leiar_il@hodd,no