Mot i Hødd
IL Hødd vart i 2021 kommunal MOT-ambassadør og signerte avtale med Ulstein kommune. Det vart då satt saman ei gruppe i idrettslaget med namnet Mot i Hødd.
Gruppa består av ein vaksen- og ein ungdomsrepresentant frå kvar gruppe; Handball, fotball, innebandy, turn og trim, samt styreleiar i IL Hødd, og MOT koordinator i Ulstein kommune. Gruppa har eit overordna ansvar i idrettslaget med (mellom anna) å fremje MOT-verdiane, søke tilskot til felles aktivitetar og tiltak, m.m. Gruppa vil, saman med IL Hødd ha ei aktiv og viktig rolle for å skape inkludering, tryggleik og fellesskap for barn og unge.
Mot i Hødd gruppa er i gong med å lage fleire «verdi-filmar», og i fjor laga gruppa ein film om- og til alle frivillige i IL Hødd, den kan du sjå i lenka under.
Felles ungdomsråd i IL Hødd
Mot i Hødd-gruppa fekk i 2021 gjennomslag frå styret om å opprette eit felles ungdsomsråd i IL Hødd. Rådet skal etter planen vere i drift etter sommarferien (2022), og meir informasjon kjem etter kvart.
Meir tekst og bilete kjem