Anlegg
Høddvoll, gamle gras
Grasbana på Høddvoll vart offisielt opna 30.juni 1963, men den første kampen vart spelt allereie 23.mai mot CFK, der Hødd for øvrig vann 5-0. Grasbana vert ofte omtalt som ei av årsakene til Hødd sin sportslege suksess etter 1963. Før dette måtte Hødd til dømes spele cupkampar på Aksla Stadion kvar gong laget nådde 3.runde og fekk Hovedserielag som motstandar.
Allereie i 1956 vart det vedtatt å bygge grasbana, men det tok altså mange år før ho stod ferdig til bruk. Tilskodarrekorden på stadion var på 12 537, kvartfinale i cupen mot Vålerengens IF i 1981. Siste A-kamp på grasbana vart spelt mot Bryne 2.november 2014.
Nye Høddvoll stadion
Nye Høddvoll stadion stod ferdig til seriestarten i 2015 og første motstandar var Fredrikstad. Kampen enda 1-1. Tilskodarrekorden er på vel 3000 tilskodarar frå same sesong (mot Brann). Stadion kom til etter eit samarbeid som også involverte den nye Ulsteinhallen. Hødd, Dimna IL, kommunen, Ulstein vgs og fylkeskommunen var partar i dette samarbeidet. Stadion som har undervarme og flomlys har ein kapasitet på knapt 4000 tilskodarar. Før stadion kom i 2015 låg for øvrig «gras 2» på dette området, ei bane som kom til i 1989 og som mellom anna vart brukt halve 1999-sesongen under renoveringa av hovudgrasbana.
Høddvoll KGB
Kunstgrasbana stod ferdig i november 2003 og dekket har vore skifta fleire gonger, seinast sommaren 2019. KGB som bana vert kalla til dagleg ligg der grusbana låg i mange år, frå 1920 til 2003. Dette var det opphavlege Høddvoll og mange kampar har vorte utkjempa på Høddgrusen. I samband med at det vart lagt nytt dekke i 2019 vart også lysanlegget oppgradert. KGB er merkt opp både for sjuar og niarfotball og det er høg aktivitet året gjennom.
Ulsmohallen
Då denne hallen kom i 2007 så var den sterkt etterlengta. Hallen er på 40×60 meter, og er ikkje isolert. Det er dermed ein kald hall vinterstid, men for dei som trenar inne i hallen er det viktigaste at dei har eit godt underlag og er skjerma frå vind og nedbør.
Høddvollhuset
Klubbhuset som stod ferdig i 1984, og som vart påbygd nokre år seinare er det tredje klubbhuset i klubben si historie. Det første kom i 1948 og stod rett ovanfor noverande KGB. Det andre klubbhuset vart tatt i bruk i 1966 i debutsesongen i toppdivisjonen og stod i hjørnet av gamle gras. Dette klubbhuset vart rive nyleg. På Høddvollhuset er det garderobeanlegg i 1.etasjen. I 2.etasje er det stor festsal og kafeteria i tillegg til kontor og møterom. På loftet held administrasjonen i Hødd Fotball til. Det er planar om eit nytt klubbhus i kortenden av stadion, men dette prosjektet ligg nok nokre år fram i tid.
Ulsteinhallen
Den første versjonen av Ulsteinhallen kom i 1977 og førte til ei oppblomstring for både handball og turn i Hødd-regi. Sjølv om dekket ikkje var av det beste og heller ikkje fasilitetane for publikum var så bra var det ein god hall i mange år. Den nye hallen kom samtidig med nye Høddvoll stadion og var ferdig vinteren 2014/15 og betyr mykje særleg for Dimna IL og friidrett, men også Hødd er flittig brukar av hallen. Det har vore mange store arrangement i den nye hallen, mellom anna 4-nasjonars turnering i handball sommaren 2016, og fleire friidrettsmeisterksap med Karsten Warholm og Dimna IL i spissen.
Turnhallen på Myra
I denne hallen er det mykje aktivitet for turngruppene i Hødd. Hallen vart utvikla frå ein lagerhall til ein turnhall over fleire år. I tillegg har turngruppa aktivitet ved Ulstein skule, i Ulsteinhallen og Ulstein Arena. Der er no konkrete planar om ein eigen turnhall mellom Ulsteinhallen og Ulsmohallen. Håpet er at denne kan stå ferdig om ikkje lenge.
Ulstein Arena
Då idrettshallen i sentrum stod ferdig før jul i 2017 vart det mindre bruk for Ulsteinhallen og særleg handball brukar Arena som si nye «bestestove». Også turngruppa brukar Arena ein del, medan fotball har hatt nokre futsal-turneringar der.
Bilde av anlegga: