Historie, Hødd Handball
Hødd handball si historie startar tilbake i 1946 då nokre kvinner fekk starta opp eit handball-lag i regi av Hødd. Dette varte berre i nokre år og alt i 1951 var det over. I 1953 vart gruppa meldt ut av handballkrinsen av Hødd-formannen.
Men interessa var enorm desse etterkrigsåra. Det var 300 tilskodarar på handballkamp mellom Hødd og Spjelkavik på grusbana på Høddvoll i 1946, og damene vann KM klasse A både i 1946, 1947 og i 1949.
Først i 1967 vart handballgruppa vekt til liv igjen av Ola Christoffersen som stadig fekk spørsmåll frå sportsinteresserte jenter om ein ikkje kunne starte med handball.
Fotball var ikkje aktuelt den gongen
for kvinner slik som i dag.
Interessa var på nytt stor i ein klubb som flaut på den store fotballinteressa. Det å få med aktive jenter og damer i klubben var berre eit stort pluss. På denne tida hadde Hødd også fridirettsgruppe og badmintongruppe så aktiviteten totalt sett var stor.
Opp gjennom åra har det vore varierande aktivitet i handballgruppa, men A-lag for kvinner har klubben stort sett alltid hatt. I 1977 då Ulsteinhallen stod ferdig vart det også etablert herrelag og gutelag, men dette vart kortvarig.
I nyare tid har handballgruppe vorte stor med god breidde. Ny Ulsteinhall og ikkje minst Ulstein Arena har gjort det endå meir attraktivt å spele handball i Hødd.
Hødd handball fekk også markert seg stort sommaren 2016 som arrangør for 4-nasjonarsturnering i Ulsteinhallen med fire av verdas bestelandslag, som la oppkøyringa til OL i Rio i Ulsteinvik.