Foto: Berit Sandvik Skeide

Utskifting av turbok-kassene

IL Hødd si trimgruppe vil skifte ut turbok-kassene på trimpostane på Hareidlandet

Hødd si trimgruppe samlar inn pengar til utskifting av turbok-kassene på trimpostane våre. IL Hødd si trimgruppe vil kjempe om få tildelt DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Turbok-kassene på fjelltoppane er no modne for utskiftning. Vi håpar alle støttespelarar der ute med hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet.

Trimgruppa i IL Hødd ønskjer å skape fellesskap, bygge relasjonar og samhandling. Fysisk aktivitet er viktig for folk si psykiske og fysiske helse, og turbok-kassene bidreg til å skape motivasjon for turgåing.

Vår trimgruppe passar for alle uansett alder, kjønn, eller fysisk form, om du har mykje, litt eller inga erfaring som turgåar. Vi har 30 trimpostar plassert på ulike fjelltoppar på Hareidlandet (Hareid og Ulstein kommune). Ein del av turmåla krev liten innsats, medan andre er meir krevjande. Det viktigaste er ikkje å gå langt, men å kome seg ut i frisk luft.

 

Vil du bli med oss på tur? Følg oss på facebook og få oppdatering på komande turar/ aktivitetar.