Innkalling til årsmøte i IL Hødd

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i IL Hødd

Dato: Torsdag 21. mars 2024
Klokka: 19.30
Stad: Høddvollhuset

Saker som eit medlem ønskjer behandla på årsmøtet, må sendast til styret seinast to (2) veker før årsmøte og innan 07. mars. Forslag til styret må sendast pr. e-post til leiar_il@hodd.no.

Saksliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ei (1) veke før årsmøtet, og lagt ut på heimesida til IL Hødd.

For å ha stemmerett og vere valbar til verv må ein ha vore medlem i IL Hødd i minst ein månad, fylle minst 15 år det kalenderåret årsmøtet vert halde, og ha oppfylt medlemsforpliktingane. Alle medlemmer har møte- tale- og forslagsrett.

For meir informasjon om årsmøte og om reglar knytt til stemmerett, valbarheit, forslagsrett mm, sjå Høddlova her, eller kontakt styreleiar i idrettslaget pr. e-post til leiar_il@hodd.no eller på telefon 410 62 929

Velkomen til årsmøte!

Med venleg helsing
Styret i IL Hødd