EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE, IL HØDD

Styret kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte i IL Hødd

IL Hødd kallar inn til ekstraordinært årsmøte om sal av IL Hødd sin aksjeandel i Høddvoll Stadion AS.

Ulstein kommune ønskjer å kjøpe IL Hødd sin aksjeandel i Høddvoll stadion AS. Det har vore ei lengre prosess og dialog mellom IL Hødd og kommunen. Idrettslaget er av den oppfatning at saka må behandlast av årsmøte. Saksliste med saksdokument ligg ved i innkallinga; Innstilling og vedtak frå Hødd Fotball, protokoll frå ekstraordinært styremøte i IL Hødd , og notat frå møte mellom idrettslaget og Ulstein kommune.