Årets førebilete 2023!

Trenar for G19 Hødd Fotball, Ingrid Beate Smådal Hide, er tildelt prisen «Årets førebilete» frå IL Hødd i samarbeid med MOT i Ulstein. Prisen er ny, og er startskotet for eit enda større fokus på Hødd og MOT sine verdiar, som vi ønsker skal vere ein del av kulturen vår i arbeidet med barne- og ungdomsidretten.

Neste «Årets førebilete» blir tildelt i 2024, og det blir muleg å nominere kandidatar. Dette vil det komme meir informasjon om, opplyser styreleiar Iselin Aske i IL Hødd. Vi vil samstundes oppmode alle gruppene og laga i klubben vår om å ha sine eigne kåringar, «Månadens førebilete», som er til ein person som er ein energigivar og god på Hødd og MOT sine verdiar! #stolt #audmjuk #inkluderande #mottilåleve #mottilåbryseg #mottilåseienei @motiulstein @ulsteinkommune

Ekstra kjekt var det å få dele ut prisen når fotballpresident Lise Klaveness var på besøk fredag 15.09.23.

Følgjande tekst vart lese opp ved utdeling av prisen:

Som kvinneleg fotballtrenar i eit mannssterkt miljø og bransje, så banar du veg for andre. Det at du er open om din trenardraum er som kvinne både unikt og modig, og det er til inspirasjon for yngre jenter. Når du tidlegare i haust varsla om, og var open om å  ha opplevd trakassering på fotballbana, så viser du styrke og mot. Med dette så står du ikkje opp berre for deg sjølv, men også for andre som har- eller som kanskje vil oppleve det same.

Med dine handlingar, engasjement, mot og styrke så er du eit førebilete for andre, og ein god ambassadør for Hødd verdiane Stolt-Audmjuk-Inkluderande.

Hald fram med det du gjer, og vit at vi er mange
som heiar på deg.

Gratulerer!