Fotball
Om Hødd Fotball
Hødd vart stifta 1.august 1919 som ein rein fotballklubb. Etter kvart vart stadion opparbeidd på Høddvoll etter ein drakamp om kvar anlegget skulle ligge.
IL Hødd fotball tilbyr fotballaktivitetar for barn frå dei er seks år gamle. Dei vert inndelte i lag fordelt på kjønn og alder. Treningene vert organisert av foreldre som tek på seg trenarverv, og aktivitetane er organisert gjennom dugnadsarbeid.
Hødd fotball har to satsingsområde for eldre barn og ungdom, fordelt på to utval:
- Sportsleg utval topp
- Sportsleg utval breidde.
Det skal vere kjekt å trene i IL Hødd Fotball, ambisjonar om toppsatsing, eller ikkje. Om ein er 6, 12, 19 år eller eldre.
Banane på Høddvoll
- Kunstgrasbana (ved sida av Gnist barnehage)
- Tarebingen
- Ulsmohallen
- Stadion
Det er tilsette i Hødd Fotball som har ansvar for sportsleg utvikling og med kompetanse på barne- og ungdomsfotball. Dei skal blant anna følge opp aldersbestemte lag og foreldretrenarar, med meir.
Jesper Tørnqvist er dagleg leiar i Hødd Fotball og har sin faste arbeidsplass på Høddvollhuset. For meir informasjon, gå direkte til nettsida til Hødd fotball ved å klikke på lenka under.
Gruppestyre:
- Bård Dalen, leiar
- Einar Magne Skeide, nestleiar
- Steinar Hauge
- Andre Nevstad
- Solveig Sundgot
- Martha Helvig Omdal
Kontaktinformasjon Hødd Fotball
Jesper Tørnqvist, dagleg leiar
T: 472 00 004
E: jesper@hodd.no
Bård Dalen, styreleiar Hødd Fotball
T: 482 46 331
E: bard.dalen@sande-mr.kommune.no