Skattefrådrag for gåver
Vi har oppretta konto i solidus, som gjer at dei som vil kan gi gåve til idrettslaget og få skattefrådrag.
Ordninga gjeld for idrettslag/klubb og andre organisasjonsledd tilslutta Norges idrettsforbund, og som ønskjer å nytte seg av ordninga med skattefrådrag for gåver, i samsvar med skattelova §6-50. Du kan få frådrag i sjølvmeldinga for gåvebeløp frå og med kr. 500 og inntil kr. 50 000, gitt i kalenderåret.
Du kan lese meir om ordninga med solidus på nif.no ved å gå til lenka under.