Stolte av våre unge medlemmar

IL Hødd er stolte av våre unge, engasjerte og gode førebilete i klubben, og her av 18-årige Niels Adon Leenders frå IL Hødd. Han har skrive kronikk i Sunnmørsposten om det å vere ungdomsdommar og deira oppleving av det. Viktig med engasjement ògså utanom idrettsbana, og her tek Niels tak i eit viktig tema vi må ha fokus på.

Niels er ein viktig medspelar i Hødd si MOT gruppe #motihødd, og den som har vore mest aktiv for å få på plass eit felles ungdomsråd i IL Hødd (snart oppe og går). I tillegg til dette sit han i styret i idrettskrinsen og i ungdomsutvalet, og han har lengre erfaring som handball-dommar.

«Han er sjokkert over åtferda til enkelte vaksne tilskodarar» Klikk på lenka under og les kronikken til Niels.

På biletet over er tre av Hødd sine unge og gode førebilete; Syver Skundberg Skeide, Niels Adon Leenders og Jonas Gunne Brandal